Egoscue - funksjonell trening



Sted: Yogaskolen i Bergen
          Hordaland, Bergen
Kursadresse: Strandgaten 201, 5004 Bergen (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Undervisningstid: Torsdager, kl 12:00-13:15
Varighet: 6 uker
Pris: 1.500

Egoscue metoden er fysiske øvingar som ein kan finne igjen i yogatradisjonen, pilates og mange andre treningformer alt frå husmorgymnastikk til treningsopplegg for profesjonelle idrettsutøvarar.

Innhold:
Dei fleste av oss har sikkert lagt merke til at kroppen vår ikkje er heilt symmetrisk. Vi kan vere sterkare i høgre side av kroppen enn i venstre, eller vi kan vere stivare og ha meir vondt i den eine sida av kroppen. Det betyr at vi brukar høgre og venstre side av kroppen ulikt. Over tid kan dette gje ei endra kroppsholdning med slitasje og for stor belastning på musklar og skjelett.

Egoscue øvingane vil over tid gje:
• Redusert spenningar i muskulaturen
• Meir aktivitet i tidligare «passiv» muskulatur
• Smørjing av ledda
• Etterkvart vil kroppen vende tilbake til ei god holdning og musklane jobbar meir på lag
• Mindre smerter i kroppen

På dette kurset vil vi jobbe med både lette begynner øvingane og etterkvart tyngre og meir krevande. Det betyr at du ikkje treng å vere trent og i god form. Du treng heller ikkje ha gått på yogakurs. Timen vert avslutta nokre tøyestillingar og ei avspenning.

Målgruppe for kurset:
Kurset er for alle