Buss klasse D



Kursarrangør: Langvatn Trafikkskule
Sted: Møre og Romsdal, Volda
Møre og Romsdal
Kursadresse: Morkamyra 15, 6105 Volda (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Undervisningstid: Kl 17:00
Neste kurs: 06.01.2026 | Vis alle kursdatoer

Vi tilbyr opplæring til førarkort minibuss klasse D. Denne klassa gjeld føring av motorvogn med fleire enn 8 passasjerplassar i tillegg til førar. Klassa gjeld òg for føring av leddbuss. Tilhengar med tillatt totalvekt høgst 750 kg.

Minstealder: 24 år. *21 år med begrensingar dersom du har fullført YSK Grunn Persontransport 140t.

Alle som skal ta førarkort i tyngre klasser må ha godkjent helseattest frå lege. Denne skal leverast på trafikkstasjonen. Vi anbefalar å skaffe dette, samt søke om førarkort så snart du har fått bekrefta elevplass.

Dersom du skal køyre buss i yrkessamanheng må du også ha yrkessjåførutdanning for persontransport.

Trinnvis opplæring
Teorikurs for buss går over tre kveldar.
Køyretimar avtalast med kvar enkelt og utifrå behov. Vi skreddarsyr eit opplegg som passar for deg.
Teoriprøve må vere bestått, og helseattest levert på trafikkstasjonen før ein kan bestille oppkøyring.

Trinn 1:
Grunnkurs tunge køyretøy - 3 timar. Obligatorisk.
(Fritak dersom du har førarkort i ei tung klasse fra før)

Trinn 2:
Grunnleggande køyretøyteknisk og køyrekompetanse, som skal avsluttast med obligatorisk trinnvurderingstime.

Trinn 3:
Trafikal opplæring, som skal avsluttast med obligatorisk trinnvurderingstime.

Trinn 4:
Ulykkesberedskapskurs - 9 timar. Obligatorisk og felles for alle tunge klasser. (Fritak dersom du har førarkort i ei tung klasse frå før)
Sikkerheitskurs på veg - 6 timar. Obligatorisk kurs.
Avsluttande opplæring før førarprøve.

Målgruppe for kurset:
Alle som ønsker førarkort minibuss klasse D

Aldersgrense: minstealder: 24 år

Vis flere tilsvarende kurs: