Øygarden brann og redning kan tilby skreddarsydde kurs innan brannvern til alle typar verksemder, grendalag og offentlege institusjonar m.m. Opplæringa blir tilpassa ut i frå dei behov og ønskjer som oppdragsgjevar har.
Sløkkjeopplæring:
Tenk deg at din arbeidsplass brenn. Mennesker kan bli skadd og i verste fall omkomme. I tillegg kan store materielle verdiar gå tapt.
Det tilsettes innsats dei første minuttane kan avgjere om eit branntilløp utviklar seg til ei katastrofe eller ikkje. Veit du og dine kolleger korleis de skal handla dersom det oppstår brann?
Brannteori:
Dette kurset gjer ein grunnleggjande innføring i enkel brannteori. Tema som belyses er m.a.:
• Kva er ein brann
• Korleis kan ein brann spre seg
• Korleis kan ein sløkkje ein brann
• Korleis kan ein førebygge brann
• Røykutvikling og røykspreiiing
Grendelag og velforeninger:
Kvart år døyr mellom 50 og 70 menneskjer i brann i Noreg. Branner kostar det norske samfunnet fleire milliardar kroner kvart år.
For å bidra til å redusere disse tala, vil ein av Sotra Brannvern IKS sine viktigaste førebyggande oppgåver vere informasjons- og motivasjonstiltak retta mot innbyggarane i våre to kommunar. I den samahang har vi nå gleda av å kunne tilby "gratis" brannvernopplæring til grendelag og velforeiningar. Sotra Brannvern IKS stiller gratis.
Vi ønskjer å tilby ei opplæring med enkel informasjon om dei mest vanlege brannårsakene, og kva som kan gjerast for å unngå dei. Vi vil vise kor enkelt eit branntilløp kan stoppast berre man har litt trening og kan bruke det man måtte ha for handa. Dei som tar del i denne opplæringa vil, om de ønskjer, kunne få prøve forskjellege metodar for å slokke brann, m.a. med skum, vatn og ullteppe.
Opplæringa tar inntil 2 timer og vi vil, om ønskeleg, også bli gjennomført etter vanleg arbeidstid, fram til kl. 19.00 på kvardagar. Dette kan og vere ein fin moglegheit for naboar og venar til å komme saman til sosialt samvær og i tillegg betre branntryggleiken i lokalmiljøet.
Evakueringsøvingar:
Evakueringsøvingar bør gjennomførast jevnleg i alle verksemder. Sotra Brannvern IKS kan legge til rette for/bistå ved desse øvingane og kan, om ønskeleg, leggje inn overraskingsmoment slik at deltagarane opplever øvelsane som mest mogleg realistiske. Ein skal imidlertid alltid på førhand undersøkje om det er nokon som bør varslas på grunn av tidlegere sterke opplevingar knytt til brann.
Ved røyklegging nyttar vi eiga røykmaskin med såkalla "teaterrøyk". Denne er heilt ufarleg og etterlater heller ingen film på overflatar. Dersom dette verker interessant, ber vi de om å ta kontakt med Sotra Brannvern IKS for avtale.
Målgruppe for kurset
Bedrifter
Kursmateriell
Kursmatriell er ikke inkludert.