Me tilbyr grunnkurs i bokbinding. Målsettinga er å gje deltakarane grunnopplæring i enkel bokbinding og inspirere til vidare arbeid. Enkel bokbinding er spanande og det er mange moglegheiter.
Innhald:
Bokbinding er eit gammelt handverk, og det finst mange måter å binde inn bøker på, både vestlige og austlege. På dette kurset skal me lære oss ulike, enkle bindingar som du kan gjera utan spesialutstyr. Me skal lage bøker med både mjuke omslag og harde permar. Me skal kose oss med concertinabøker, japanske bindingar, pamflett-binding og tradisjonell bok sydd i ryggen.
Du treng ikkje meir utstyr enn dei fleste har heime frå før. For deg som arbeider i skulen er dette ein fin aktivitet. Her kjem det meir informasjon etter kvart. Det blir fellesundervisning og individuell rettleiing.
Lærar: Else Ljungstrøm
Målgruppe for kurset:
Alle som ynskjer grunnkurs i bokbinding
Forkunnskaper:
• Ingen krav til forkunnskaper
Kursmateriell - IKKJE INKLUDERT I PRISEN!
Du vil få ei materialpakke på kurset. Denne pakka kostar ca kr 500 og innheld:
• Bokpapp til harde bokpermar
• Vakkert handlaga papir fra Nepal til både mjuke og harde bokpermer
• Bokbinderlerret
• Papir til leggene (arka inni boka)
• Lintråd til å sy saman bøkane med
• Dobbeltsidig teip /bokbindarlim
• Synål
• Kurshefte med framgangsmåte slik at du kan hugse kva du skal gjera når du vil lage fleire bøkar seinere
Kurslærar har med alt anna utstyr som du måtte trenge, som til dømes falseben og syl.
Det er fint om du tek med deg dette heimafrå til kurset:
• God saks til å klyppe papir med
• Skjerematte hvis du har. (me lærer å bruke rutene og linjene til å få eit godt resultat når me lagar permane og bretter leggene)
• Blyant til å merke opp med (trykkblyant gjev tynnest og mest usynlig strek)
• Papirskalpell hvis du har
• Skrivesaker hvis du vil notere undervegs
Vi gjer merksam på:
Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekt av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål. Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekt av forsikring frå arrangør.
Avmeldingsinformasjon for kurs og opphald/matpakker:
Påmelding er bindande. Dersom du ikkje kan delta på kurset du har meldt deg på, er det viktig at du sender skriftleg avmelding til post(alfakrøll)raulandsakademiet.no, så snart du veit du ikkje kan delta.
Du betalar eit depositum à kr. 950.- ved påmelding til kurs. Angrefrist er 14 dagar med refusjon av depositumet. Etter dette vil ikkje depositumet bli attendebetalt ved avbestilling.
Avmelding til kurset 30 dagar eller mindre, før kursstart, må heile kursavgifta, og bestilt opphald med fullpensjon eller matpakker bli betalt. Det gjeld uansett grunn, også sjukdom.
Dersom Raulandsakademiet må avlyse eit kurs er ikkje dette gjeldande.
Generell informasjon:
Det er ikkje tillate med hund i kursvekene.
Eigne prisar for overnatting og matpakker når det er kurs.
Påmelding før 1.mars til sommarkurs gjev 10 % rabatt.
Påmelding før 1.juni til haustkurs gjev 10 % rabatt.