Jostedalen Breførarlag AS

Velkommen til Jostedalen!
Jostedalen er ei vestlandsbygd med ein sterk lokal kultur, storslått natur og ikke minst fantastiske brear som omkransar dalen og strekkjer seg langt nedover fjellsidene. Mest kjent er Nigardsbreen som kjem heilt ned på 330 moh. før den må gje tapt for låglandssommaren.



Jostedalen Breførarlag tilbyr varierte turar og kurs frå 1 time til 6 dagar. Dei mest brukte turområda våre er breane og fjella i Jostedalen og Jotunheimen. Forholda i Jostedalen gjev dei ypparste vilkår for gode brekurs og klatrekurs.



Breførarlaget har fleire skiturar Jostedalsbreen på langs kvar vår. For turar tidligare på vinteren viser me til selskapet Fimbul Jostedal, som tilbyr ulike typar vinteraktivitetar både i Jostedalen og Jotunheimen.


<< Forrige side  |  1 2   | 

Josten på langs -Ein skitur som kan by på fantastiske variasjonar

Vi tilbyr ein skitur som kan by på store og mektige kontrastar og variasjonar. På ein og same tur tur kan du møte varmande vår og full vinter, sludd på tvers og steikande sol, grauttåke med 10 meter sikt og flott utsikt til kvasse tindar og vide vidder.

Sted Dato Varighet Pris
Sogn og Fjordane Sogn og Fjordane 3 dager fra 3.940 kr  

Mini brekurs 1

Mini-brekurs 1 - “blåispensumet” av eit vekesbrekurs. Kurset blir arrangert på førespurnad.

Sted Dato Varighet Pris
Sogn og Fjordane Sogn og Fjordane 3 dager fra 4.390 kr  

NF-Metodekurs bre 1

Vi tilbyr NF-Metodekurs bre 1. Deltakarane skal bli medvitne om kor viktig sikre vegval på bre og i alpint terreng er, og gjerast godt kjende med metodesett og tankegang for sikring og redning på bre, i snøbakkar og utsett terreng (ikkje klatreterreng).

Sted Dato Varighet Pris
Sogn og Fjordane Sogn og Fjordane 16.06.2024 3 dager16.06.2024 6.950 kr  
<< Forrige side  |  1 2   |