Smidig brukertesting - enkle og effektive metodar - Bedrifter/org



Kursarrangør: Kjernekaren
Sted: Hele landet, Ta kontakt for avtale
          
Type:Bedriftsinternt / Større grupper
Foredrag
Undervisningstid: Ta kontakt for avtale
Pris: Avtale

Lær det du treng å vite for å brukarteste digitale produkter og tenester - enkelt og effektivt! Ville du turt å lansere eit digitalt produkt utan å teste om koden fungerer? Det er minst like viktig å teste om kunden får til å bruke det.

Brukertesting er det enklaste og mest effektive verktøyet som finst for å kvalitetssikre og forbedre digitale produkter og tjenester.

På dette kurset lærer du deg metodikken, dei enkle verktøya du treng, og fallgruvene du må unngå. Vi jobbar praktisk med brukartesting av eit konkret produkt, og øver på alle fasane i gjennomføring.

Dette lærer du:
• Kva er brukartesting og kvifor det er lurt
• Kva skal du teste, når skal du teste og korleis skal du teste
• Rekruttering, intervjuteknikk, moderering og observasjon
• Automatisert og moderert digital fjernetesting
• Geriljatesting på eit møterom, på gata eller kvar som helst
• Dokumentasjon og prioritering av tiltak

Målgruppe:
Kurset passer for alle som jobbar med digital produkt- og tenesteutvikling, og som er interessert i at folk skal forstå og bruke det dei lagar.

Både nybegynnarar og dei som har gjennomført ein del brukartesting frå før vil ha godt utbytte av kurset.

Kurset kan tilpassast til å gå over enten ein eller to dagar.