Breføring på Nigardsbreen: Spesialtur for barn



Sted: Jostedalen
          Sogn og Fjordane
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Undervisningstid: Ta kontakt for informasjon
Varighet: Totalt 3,5 - 4 timar
Pris: fra 650

Vi tilbyr kort blåistur for familiar med spreke barn. Har du spreke, naturglade ungar i familien og tenkjer at den vanlege blåis-familieturen på Nigardsbreen er litt for kort og for lite utfordrande? Er svaret ja, då er spesialtur for born det rette valet.

Innhald:
Denne blåisturen er meir krevjande enn den ordinære familieturen og bør berre bestillast av foreldre med spreke ungar som har tidlegare turerfaring og som elskar å vere ute på tur i naturen.

Utstyr:
Klede som dekkar heile kroppen (ikkje shorts eller skjørt utan leggings). Vandre-/ fjellsko eller solide joggesko, hanskar (for borna), matpakke, solbriller, vind- og vasstette klede og gjerne ein varm genser / jakke.

Billettar:
Online-booking eller dersom det fortsatt er ledige plassar kan ein kjøpe billettar også på Breheimsenteret (kontant eller kredittkort) eller direkte hjå føraren, og då berre mot kontant betaling.

Tidspunkt:
Kunden avgjer starttidspunktet sjølv. Ved start mellom kl 09:30 - 13:00 er transporten med brebåten t/r inkludert når båten er i drift, elles må ein gå til fots tilbake frå breen til park. plassen. Denne turen tek ca. 1 time.

Varigheit:
På isen ca. 1,5 timar. Totalt 3,5 - 4 timar.
Total tid beregnes følgjende:
• Båttransport: 15 min. X 2 pluss litt ventetid.
• Gåing til og fra breen 30 - 45 min. X 2
• Påkledning / opplæring og instruksjon ca. 30 min

Prisar:
1 - 3 pers. kr. 2775.- totalt.
4 - 8 pers. kr. 775.-/ pers.
9 - 12 pers. kr. 675.-/ pers.

Målgruppe for kurset:
Denne turen passar for foreldre med spreke ungar som gjerne vil gå på utforskingsferd i den spennande blåisverda på Nigardsbreen.

Krav:
• Born berre ifølgje med foreldre
• Aldersgrense born min. 8 år og maks 15 år