Treskjæring - Akantusbarokk



Sted: Hjerleid
          Oppland, Dovre
Kursadresse: Jøndalsvegen 3b, 2662 Dovre (kart)
Type:Åpent kurs / gruppeundervisning
Undervisningstid: Ta kontakt for informasjon
Varighet: 6 dager
Pris: 7.200

Målet er å gje vaksne og ungdom innføring i treskjerarhandverket. Det er viktig at unge folk får interesse for handverk, da det er behov for den kunnskapen i samfunnet i dag. Det er og givande for eldre og pensjonistar med meiningsfull og skapande fritid.

Innhald:
Innføring i oppbygginga av mønsteret, ein ”krull”, litt om material/emne og emneval, litt om ulike treslag, verkty/verktystell/sliping, forskjellig slipeutstyr og praktisk skjering på ulike emne/mønster.

Innleiing – litt historie om faget:
Å skjere figurar og ornament i tre er eit gammalt og utbreidd handverk. I Norge nådde treskjeringa – eller treskurden – sitt første høgdepunkt på 800-talet med Osebergskipet.
Frå middelalderen har vi stavkyrkjeportalar og kyrkjelege skulpturar. På 1600- og 1700-talet kom bilethoggarane eller biltsnidere, som spesialistane i faget kalla seg. Dei arbeidde med kyrkjekunst, finare møblar og anna inventar, men også med treskjering til vogner og sledar. Også snikkarar, stolmakarar og andre handverkarar laga treskjerararbeid.

Det er fleire ulike skurdtypar; flatskurd (eks. Dragestil) med roleg overflate, karveskurd også med plan overflate med geometriske mønster skoren ned i treverket, og krillskurd (eks. Dølaskurd) der ornament og figurar i kraftig relieff og ofte med gjennombrotne partiar. Uttrykksformene varierer frå stad til stad, og dei har endra seg i historias løp. Treskjeraren arbeider med ornament, bilete, figurar og skulpturar, anten det er eigne treskjerarprodukt eller som delar av eit større arbeid.

Treskjerarfaget har stor spennvidde – frå kopiering med strenge geometriske grenser til nyskapande fri formgjeving med ulike visuelle verknader. I dag omfattar treskjerarfaget restaurering, produksjon og nyskaping. Treskjeraren tek vare på store kulturelle verdiar og skapar nye verdiar basert på gamle tradisjonar. Faget er nær knytt til snikkarfaget,
og saman formar dei ein dekorativ heilskap. Den profesjonelle treskjeraren må kunne meistre heile prosessen frå ide til resultat innan dei ulike uttrykksformene. Treskjerarkurset på Hjerleid i regi av Senter for Bygdekultur legg vekt på materialkunnskapar, verktystell/sliping, praktisk treskjering og litt generelt om stillære.
Målsetting med kurset: Målet er å gje vaksne og ungdom innføring i treskjerarhandverket. Det er viktig at unge folk får interesse for handverk, da det er behov for den kunnskapen i samfunnet i dag. Det er og givande for eldre og pensjonistar med meiningsfull og skapande fritid.

Instruktør: Even S. Hansen

Målgruppe for kurset:
Kursa er både for nybyrjarar og for dei som har skore litt før. Ta kontakt om du lurer på noe.

Vis flere tilsvarende kurs: